Nytt Gaularspel i 2020 ?

Gaularspelet «Kjærleikssaum» vart sist framført i idylliske omgjevnader på utescene på Osen Gard i Bygstad 12. – 13. august 2017.  Då feira Gaularspelet 30 års jubileum etter starten i 1987. Kanskje blir det nytt Gaularspel i 2020 ?

Sjå programmet for 2017

Informasjon om billettprisar 2017

 

plakatbilde2014_squareGaularspelet byggjer på historiske hendingar i Dalsfjordområdet i vikingtida mellom år 865 og 874. Desse hendingane var viktige ikkje berre i høve til maktkampen kring samlinga av Norge men i endå større grad busettinga på Island.

”Kjærleikssaum” er eit storslege drama om korleis det kan ha gått føre seg då Harald Hårfagre sende mennene sine til veitsle hjå Atle Jarl ”hin Mjove”(den smale) som styrte Firda og Sygnafylket for han. Om Ingolfr Arnarsson og syster hans Helga ”Den Fagre” som var lova til frenden Leif Rodmarsson, men som og Holmstein, son til Atle Jarl var hugteken av. Om korleis drapet på Atlesønene førde til at Ingolf og Leif vart dømde fredlause og reiste vest i havet til Island og slo seg ned der.