Gaularspelet

Sjå program for 2014 »

Gaularspelet byggjer på historiske hendingar i Dalsfjordområdet i vikingtida mellom år 865 og 874. Desse hendingane var viktige ikkje berre i høve til maktkampen kring samlinga av Norge men i endå større grad busettinga på Island.

plakatbilde2014_square”Kjærleiksaum” er eit storslege drama om korleis det kan ha gått føre seg då Harald Hårfagre sende mennene sine til veitsle hjå Atle Jarl ”hin Mjove”(den smale) som styrde Gaular og Sygnafylket for han. Om Ingolfr Arnarsson og syster hans Helga ”Den Fagre” som var lova til frenden Leif Rodmarsson men som og Herstein, son til Atle Jarl var hugteken av. Om korleis drapet på Atlesønene førde til at Ingolfr og Leif vart dømde fredlause og reiste vest i havet til Island og slo seg ned der.

Styret i Gaularspelet/Vikingfestivalen:

  • Per Kjelstad, 6973 Sande (leiar)
  • Aud Lunde, 6973 Sande (nestleiar og ansvarleg for Vikingfestivalen)
  • Frode Søvde, 6977 Bygstad (kasserar)
  • Bjørg J. Helle, 6977 Bygstad (sekretær)
  • Arne Mo, 6977 Bygstad (leiar kulissenemnd)
  • Sverre Hestad, 6877 Bygstad
  • Marianne Tønsberg Lothe, 6977 Bygstad