festival-373x250Festivalområdet ligg fint til på Osen gard, på ei stor slette like ovanfor Gaularspelet sin spelestad. På Osen gard ligg også Gaular kommune sin tusenårsstad. Garden har ei lang og stolt historie, den har spela ei viktig rolle i Gaular og Dalsfjordområdet frå dei eldste tider og fram til våre dagar. Vikingfestivalen skal gje ei ramme rundt Gaularspelet, gje eit innblikk i både nær og fjern historie.

På Vikingfestivalen er det aktivitetar for heile familien. Her vert dyr av mange slag, høve til å ride på hest, og mange ulike leikar både for barn og vaksne. Elles vert det sal av mat, både grillmat, anna middagsmat, kaffi og kaker, mykje basert på lokale råstoff og tradisjonar. På området vert det mange utstillarar av ulikt slag, m.a. med gamle handverkstradisjonar og lokale kunstnarar. Det vert ein stor vikinglandsby med mange telt og aktivitetar.

AKTIVITETAR:
  • Bogeskyting
  • Øksekasting
  • Tors hammar
  • Slengespel
  • Balansebom
  • Stylter
  • Fekting med sverd
  • Hesteriding
DYR:
  • Ponni
  • Hest
  • Høne og hane
  • Kaniner
  • Lam
  • Geit
  • Kalv
  • Gris
  • And
  • Due
  • Alpakka
  • Lama
HANDVERK:
  • Hanne Yndestad Aadland
  • Kvernsteinlauget i Hyllestad
  • Åfjord stein
  • Andrea Tebbenhoff
SMAK OG SAL:
  • Fjord Gardsmat
  • Heimtun
  • Botnatunet
  • Tveita mat
  • Breim Gardsmat
  • Kari Storesund
  • Sørværet villsau
  • Lomelde Gard
  • Sunnfjord Naturmat
MATSERVERING:
  • Alm gard: Is
  • Sande Kro og Hotel: Grillmat
  • Mitt Lille Kjøkken: Grillmat
  • Bygstad Samfunnshus: Grillmat
  • Elevar frå Sande Skule: Kaffimat
VIKINGMILJØ MED AKTIVITETAR:
  • Frendar Vikinglag –  7 telt
  • Njardar Vikinglag – 3 telt
  • Gaularspelet – 3 telt

Ellers vert det program og underhaldning frå scena, historisk omvising på 1000 års staden Osen Gard, Q-skitbingo, sverdkamp, utstilling av historiske funn på garden.

Sjå tidpunkt for dei ulike innslaga i programmet.