tusenarstaden-250x185I høve tusenårskiftet valde alle kommunar i landet sin Tusenårsstad. I Gaular fall det lett å velje Osen gard. Historiske spor attende til folkevandringstida og ikkje minst at ein meinar det er her Jarlesete låg, gjorde de vanskeleg å velje noko anna.

 

 

Osen gard

osen-250x185Med si sentrale plassering inst i Dalsfjorden og ved porten til eit frodig dalføre, var Osen lenge eit naturleg knutepunkt for Gaulværingane. Her skjedde overgangen frå sjø til land. Storparten av dalafolket måtte setje sin fot på Osen si jord når dei skulle til og frå sjøen. Under Osfossen leigde dei grunn til nausta og sjøbuene sine. Det vart difor naturleg at bergenske borgarfamiliar fann det lønsamt å drive handel i Osen. Kring 1700 var det 4 kremmarar og eit gjestgiveri her. Frå 1680 – og truleg før – var Osen brukt som fast tingstad.

Frå folkevandringstida (400 – 600 e. kr.) er det funne tre steinsette graver, ei vevskei, leirkrukker, trespann og ei fugleforma hårnål av bronse. I ei mannsgrav vart det funne beltestein, sverd, piler, leirkrukker og prydspenner.

I 1978 vart ein runekross av bly funnen her. Han er datert til mellomalderen (1030 – 1400). Innskrifta på latin inneheld bøner, ”Fadervår”, i tillegg til fleire magiske teikn. På funnstaden har det tidlegare vore to gravhaugar, dei siste funna tyder på at det kanskje har vore ei mellomaldertuft her. Krossen kan vere lagt her for å verne mot vonde makter.

I vikingtida veit ein at det budde tre jarlar her. I tillegg til Atle Jarl, var både faren og sonen jarl. Gaulum er nemnd fleire stader i dei islandske ættesogene. I dei sparsame skriftene vi har frå mellomalderen (ca. 1050 – 1537) er ikkje Osen nemnd. Ein gong i denne tida kjem garden i kongen si eige – i alle fall er han ein del av Svanögodset på slutten av 1600-talet. Dette godset var opphavleg kongen sine gardar og gardpartar.