Torkil Sandsund foto svartkvittREGISSØR TORKIL SANDSUND

Vi er så heldige å ha fått med oss Torkil Sandsund som regissør også i år. Torkil hadde regien i 2014 med stor suksess.

Torkil Sandsund er utdanna skodespelar ved Ecolé Lecoq i Paris og seinare som sceneinstruktør ved Kunsthøgskulen i Oslo, 2001-2005. Debuterte ved Teatre CITO i Ouagadougo, Burkina Faso i 2005. Han har hatt regi på ei rekkje oppsetjingar i Norge og Afghanistan. Oppsetjingar: Døden og kongens rittmester (Soyinka), King of earth (Williams), For en bedre verden (Schimmelpfennig), Tvillingar (Fosse/Kristof), Blendverk (Morgan), Så blir det stilt (Lygre), Urmakarens hjarte (Prestøy Lie) og Londinium (Vitanza). På Kabul Teater i
Afghanistan har han sett opp Parlamentet (Beck Nielsen) og Ensemblet Quahssani (Sandsund).

Han har også undervist i skodespelartrening på Kabul Teater og Kabul
Universitet.

Torkil har vore nominert til Hedda prisen i 2007 og 2012 og har to gonger mottatt Statens Kunstnarstipend for yngre regissørar.

Han driv no Teaterselskapet Sandsund/Lie i Dale i Sunnfjord saman med Miriam Prestøy Lie.

Torkil var også innleigd som scenograf til Gaularspelet i 2012.

 

 

Jeff PedersenSCENEKAMPINSTRUKTØR JEFF PEDERSEN

Jeff Pedersen har i ei årrekkje stått for instruksjon og regi av kampscenene i Gaularspelet.

Jeff Pedersen er frå Nord Carolina i USA og har utdanning frå The Acting Studio i New York og The Guildford School of Acting i England. Som skodespelar har han blant anna gjort teaterproduksjonen The Philadelphia Story på The Old Vic i London med Kevin Spacey og tv-produksjonane Absolute Power, The Government Inspector og Britz for BBC og Channel 4. Jeff har spelt i filmar som You’ve Got Mail og Tigeren og snøen med Roberto Begnini. Jeff har vore drama- lærar på tv-serien Britain’s Next Top Model og på teaterskulen Arts Educational School i London.

Jeff er kvalifisert scenekampinstruktør frå Nordisk Scenekampforbund og British Association of Dramatic Combat i England. Som kampinstruktør har Jeff jobba i England og Norge i over 10 år, blant anna på Dragseidspelet med Mikkel Gaup, Losnaspelet, Håkonarspelet og ungdomssmusikalen West Side Story. Som regissør i Norge har Jeff gjort ung-domsmusikalen Fame i 2010 og Yellow Submarine i Florø i april 2012.

Sidan har Jeff hatt regi på Amerikareisa, Herr Kurz og Damene, og hadde regien på Håkonarspelet på Fitjar i 2014.

Skriv kommentar.