Gaularspelet er tufta på historiske hendingar omkring samlinga av Norge og den første busettinga på Island. Atle Jarl styrte Firda og Sygnafylket under Halvdan Svarte, men kom opp i strid med jarlen Håkon Grjotgardson frå Møre etter at Harald Hårfagre fekk kongsmakta etter far sin. Dei møttes ved Staveneset der Håkon fall og Atle Jarl vart skadd og døydde nokre dagar seinare.

Vennen til Hild,
Haakon, fekk
daude-saar,
daa djervt han stridde,
og sin alder
i odde-leiken
Frøys ætting
paa Fjalir enda.

Og vaagen vart
vidt ikring
blanda raud
med blod av menn,
dei gjæve som stupte
um Grjotgards-sonen
i store strids-gny
ved Stavanes.

Vidare fortel soga om Ingolfr Arnarson og striden mellom frenden hans Leif Rodmarsson (Hrodmarsson på Islandsk/gammalnorsk) og Atlesønene om Helga, syster til Ingolfr. Drapet på Herstein Atleson førde til at Ingolfr og Leif vart lyste fredlause i Norge og slo seg ned på Island som dei første busetjarane.


Atle Jarl

atle-170x300«Hin Mjove» frå Gaular ca. 790 – 865

Atle Jarl hadde jarlemakta i Sunnfjord og Sogn (Sygnafylket) både under Halvdan Svarte og sonen Harald Hårfagre.

Atle var morbror til Thora, første kona til Halvdan. Harald Hårfagre var son til Halvdan i andre ekteskap og såleis ikkje i slekt med Atle Jarl. Halvdan og Atle var svært gode vener og hadde mykje kontakt med kvarandre. Dette var nok også ein av grunnane til at Atle vart sett til jarl over Sogn og Sunnfjord. Oppgåver for ein jarl var å krevje inn skattar for kongen, syte for lov og orden i bygdene og å ta imot kongen og mennene hans når dei var på reise rundt i landet. Harald Hårfagre hadde sett seg store mål, nemleg å samle heile landet under ein konge. Derfor passa det ofte dårleg for han sjølv å delta på reisene rundt i jarleseta. Han sende i staden nokre av mennene sine til Osen. Folk flest såg med respekt på kongsmennene. Men sidan kongen ikkje var med, fòr mennene ofte vilt fram med drikking og slosting. I tre år hadde kongsmennene kome til Osen utan at Kong Harald var med, og Atle Jarl lika det lite. Når dei no kom att fjerde gongen utan at kongen var med, jaga han dei. Dette skulle kome til å verte banen hans. Mennene klaga han for kongen og gav jarlemakta i Sogn og Sunnfjord til Håkon Jarl på Møre.

Atle fekk samla saman menn frå sitt område, og dei to hærane møttest i Stavenesvågen nord for Askvoll. Albert Joleik fortel det såleis i Sunnfjordsoga: «Dei tvo jarleflotane lagdest mot kvarandre og slost på karavis. Sunnfjordingane vann, Håkon Jarl fall og folkje hans rømde, og Atle fekk ulivssår. Dei førde han i land i Atløyi, og der dò han av såri 5 dagar etter. Sidan heiter der Atløy.»

Enkelte trur at Atle Jarl også vart gravlagt der, men i følgje Sunnfjordsoga er det slett ikkje sikkert.

Sunnfjordsoga om Atle Jarl endar slik: «Han var tolug lenge, som sunnfjordingen er, men når kongsmennene ikkje ville slutte med uvørskapen sin, våga han heller liv og rike enn å tola det lenger. Å slost hadde han lært, og han sparde seg ikkje om han var gammal.»


Ingolfr Arnarsson

840 – ca. 910

Samtidig med at Ingolv budde i Rivedal, budde og styrde Atle Jarl i Gaular. Han hadde sønene Herstein, Holmstein og Håstein. Dei reiste i viking saman med Ingolv og Leiv, som var blodsbrør, fosterbrør og syskenborn. Då far til Ingolv, Ørn Bjørnulvson døydde, reiste Ingolv ein bauta over han. I erveølet som vart helde, skulle det etter gamal skikk gjerast store lovnader, «heitstrengingar». Då turen kom til Holmstein, lova han at han enten skulle gifte seg med Helga, den fagre systra til Ingolv, eller gå ugift. Dette lika Leiv dårleg, for han elska Helga og var lova å få henne. Håstein lova at han aldri skulle vike frå retten sin i noka sak, sjølv om motparten var ein av frendane hans. Ingolv lova at han ikkje ville dele arven, dvs. også Helga, med nokon annan enn blodsbroren.

ingolf-300x170Då turen kom til Leiv, lova han at han aldri ville gjere noko som var far hans uverdig. Då svara Håstein at det var ei lett sak å halde den lovnaden, fordi far til Leiv hadde rømt frå Telemark etter ei drapssak. Dermed enda det med fullt uvenskap.

Leiv ville hemne sneiorda til Atlesønene, men Ingolv, som var ein vidsynt og tenksam mann, rådde han i frå. Leiv møtte Atlesønene ved Hisargavl i Nordhordaland og der fall Herstein. Seinare fall Holmstein i slaget ved Eikenes.

Holmstein vart bydd forlik, men han ville ha hevn. Ingolv og Leiv vart lyste fredlause på vårtinget på Dingemoen i Dale. Alt jordegods dei eigde skulle tilfalle Håstein, og dei fekk 3 år på seg til å forlate landet. Ingolv ofra i Huselen i elva Riva. Blodsponen synte dei til Island, som då var oppdaga.

Om våren tredje året reiste dei til Island med kvar sin knarr. Dei fekk med dei folka som ville fylgje dei og elles alt det som nybyggjarar treng, husdyr og alt det godset dei fekk med seg. Dette var i året 874.

Då dei kom til Island, vart Ingolv buande på «Ingolvshøfdi» og Leiv på «Hjørleivshøfdi». Seinare fann Ingolv att høgsetesolpane som han hadde kasta på havet. Han hadde lova at der dei rak i land, skulle han byggje garden sin. Han bygde då garden Reykjavik. Ingolv og kona Hallveig hadde borna Torstein og Torny. Frå dei er det mange etterkomarar på Island.

(Kjelder: Heimskringla.no, Halvdan Svartes saga og Harald Hårfagres saga)