bakgrunn-250x180Gaularspelet er utforma på bakgrunn av historiske hendingar i Dalsfjordområdet i vikingtida mellom år 865 og 874, slik ein finn det fortalt i islandske kjelder og Sunnfjordsoga. Hendingane er bygd opp rundt Atle Jarl frå Gaular i ei tid då Harald Hårfagre arbeidde med å samle Norge til eitt rike.

Gaularspelet er etter ein idè av Egil Hjelmeland. Det er eit historisk skodespel framført på historisk grunn. Det første Gaularspelet med manus av Egil Hjelmeland hadde urpremiere på Osen gard i 1987. Seinare vart det oppsett i 1988, 1990, 1992 og 1995, alle åra med Kristin Geiring som regissør. I 1997 bearbeida Oddvar Hellan manus og hadde regien. Gaularspelet drog då til Island med ei miniutgåve av spelet. “Minispelet” vart spelt 3 gonger på ein vikingfestival i Hafnarfjördur, og ein gong på Tingvellir. Oddvar Hellan hadde også regien då stykket vart oppsett på Osen gard seinare på sommaren.

I 1998 vart “Minispelet” framført i Rivedal og i Osen i Dalsfjordveka.

Gaularspelet er skrive med tanke på å skape samarbeid rundt ein felles kulturarv til styrking av eigen identitet i ei tid med raske endringar på mange område. Det er tileigna Gaular kommune vedf teatergruppa i Bygstad ungdomslag og Bygstad hornmusikk (no Bygstad Brass.

I 2000 blei eit nytt Gaularspel forfatta av dramatikar og dalsfjordingen Rolf Losnegård. Stykket fekk namnet Kjærleikssaum og er bygd på dei same historiske kjeldene som det første Gaularspelet. Dette er det stykket som også har vorte framført i 2003, 2005,  2007, 2009, 2012, 2014 og som vert sett opp i 2017.

Desse har hatt regien for Kjærleikssaum: Rolf Losnegård 2003 – 2005, Idun Losnegård 2007 – 2009 –  2012 og Torkil Sandsund 2014 – 2017.


Egil Hjelmeland

egilhjelmelandEgil Hjelmeland skreiv det første Gaularspelet og tileigna det til Gaular Kommune ved Bygstad Ungdomslag og Bygstad Hornmusikk.

Han er fødd i 1938 og oppvaksen i Bygstad. Har utdanning som adjunkt i faga musikk og forming og har undervist i Førde-skular i 36 år. No er han busett i Førde som pensjonist.

På fritida har han engasjert seg i musikklivet som den første dirigenten i Bygstad Hornmusikk og Førde Skulemusikkorps dei første 10 åra. Han har m.a. komponert eigen tone til Gaularsongen og marsjane ”Utsikt frå Storehesten” og ”Gaular Flymarsj”.

Egil Hjelmeland skreiv Gaularspelet med ønskje om at det skal skape byggjande og positivt samarbeid mellom folket i kommunen, gjennom styrking av eigen identitet rundt ein felles kulturarv.


Rolf Losnegård

rolf-130x200Er fødd i 1946 og busett i Holmedal i Sunnfjord.

Han har litteratur grunnfag mellomfag i norsk og historie forutan programskaparutdanning i NRK. Rolf har arbeidd i NRK/TV ,skuleverket og som dramaturg på Sogn og Fjordane Teater. Han har fleire periodar styremedlem i Dramatikerforbudnet, ein periode som leiar.

Rolf Losnegård har skrive 2 barne- og ungdomsbøker og 2 novellebøker for vaksne.
Han har omsett fleire dramatiske verk, m.a. Shakespeare: Lystige koner i Windsor og Hamlet (utdrag).

Han har og mellom anna skrive TV-produksjonen Maksveringar og laga ei rekke stykke for sceneteater mellom anna Kinnaspelet  «Songen ved det store djup». Noko av dette er gitt ut i bokform.


Musikken

Musikken til Gaularspelet ”Kjærleikssaum” er skriven av Magne Rutle. Han skriv dette om musikken:

magneLang reise, stort hav, store kontrastar. Det har vore mi målsetjing at det skulle ligga ein undertone gjennom heile spelet som skulle signalisera desse store kontrastane. Resultatet har vorte musikk med lange klangflater som underlag. Handlinga i Kjærleikssaum skiftar frå naiv ungdomskjærleik til djupt tragiske hat- og drapsscener. For å freista å få fram desse kontrastane har eg nytta meg av skiftingar i tonalitet. Frå enkel, tonal melodikk og harmonikk til a-tonale krasse klangflater med heftig rytmikk. Det har og vore bevisst å få musikken i deler av stykket til å likna på musikk frå lengre vest i havet.

Å freista å skriva musikk som kling som på Atle Jarl si tid er etter mitt syn umogeleg. Vi veit for lite om musikken på den tida. Det vi kan gjera er å kommentera fortida med våre illusjonar om korleis liv og lagnad var for over 1100 år sidan. Dette er etter mi meining ein verdifull måte å ta med seg historia inn i våre eigne liv.

Med Idun Losnegård som ny og frisk instruktør har eg også vorte inspirert, og utfordra til å lage nye sekvensar i musikken. Dette håpar eg vil gje stykket mye stemningar. Teater skal vera i utvikling.

Det meste av musikken er nedskrive på notar, men både kor og korps har sekvensar der dei improviserer i grupper. Måten utøvarane har angripe desse delane av musikken på har vore ei fryd for ein komponist på evig leiting etter ”den fullkomne klang”.

Magne Rutle
Komponist